Language 

Medjugorje Budskapene containing 'kveld'

Total found: 7
"Også i kveld, kjære barn, er eg på ein spesiell måte takksam overfor dykk for å vera her. Tilbe utan opphald det mest velsigna sakramentet på altaret. Eg er alltid til stades når dei truande tilber. Særskild nåde blir då motteken. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk i kveld, no i fastetida, på ein særskild måte til å ære såra til Sonen min, dei Han fekk frå syndene i dette soknet. Forein dykk med bønene mine for soknet, slik at Hans lidingar kan bli moglege å bera. Takk for at de har svara på mitt kall. Prøv å vera endå fleire når de kjem. "
"Kjære barn! På ein spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis Den Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. Så når lidingar kjem, gje dei som eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud vil gje dykk gåver som vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall. "
Måndag. Jacov var sjuk og han mottok denne bodskapen heime:
"Kjære barn! Lat alle bønene de ber om kvelden i heimane dykkar vera for omvending av syndarar, fordi verda er i stor synd. Be rosenkransen kvar kveld. "
"Kjære barn, også i dag fryder Jeg meg med dere og Jeg kaller dere til det gode. Jeg ønsker at enhver av dere mediterer over og bærer freden i hjertet deres og sier: 'Jeg ønsker å sette Gud på første plass i mitt liv.' Slik, mine barn, vil enhver av dere bli hellig. Si, mine barn, til alle; 'Jeg vil deg godt,' og de vil gjengjelde dere med det gode; og det gode, mine barn, vil ta plass i hjertet til ethvert menneske. I kveld, mine barn, bringer Jeg dere det Gode til min Sønn, som har gitt sitt liv for å frelse dere. Derfor, mine barn, gled dere og strekk hendene mot Jesus, som er bare God. Takk for at dere har svart på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 


Wap Home | Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN]

Powered by www.medjugorje.ws