Language 

Medjugorje Budskapene containing 'så'

Total found: 84
"Kjære barn! På ein spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis Den Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. når lidingar kjem, gje dei som eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "
Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"Eg ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria. "
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.
"Kjære barn! Eg treng framleis bønene dykkar. De lurer på kvifor de må be alle desse bønene? Sjå dykk rundt, kjære barn, vil de sjå kor mykje synd har dominert verda. Be difor om at Jesus sigrar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg på dykk for å byrje å faste med hjartet. Det er mange folk som fastar, men berre fordi alle andre fastar. Det har vorte ein vane som ingen ynskjer å stoppe. Eg ber soknet om å faste i takkseiing for at Gud har tillate meg åvera lenge i dette soknet. Kjære barn, fast og be med hjartet. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De veit at den gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje noko. fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og blir de i stand til å elska og godta alle som kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke som de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara på itt kall. "
"Kjære barn! Denne jula ynskte Satan på ein særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til Satan til og med på fyrste juledag. Men Gud vil vinne i alle hjarto dykkar. lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara på mitt kall. "
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"Mine kjære barn! Satan er sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt! "
"Kjære barn! Desse dagane gjev Satan seg til kjenne på ein spesiell måte her i soknet. Be, kjære barn, at Guds plan blir sett ut i livet og at kvart initiativ frå Satan fører til ei lovprising av Gud. Eg har vorte hjå dykk lenge for å hjelpe dykk gjennom prøvingane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk på nytt til bøn med hjartet. Kjære barn, lat bøn på ein særskild måte bli kvardagsmat for dykk når arbeidet dykkar på markene slit dykk ut at de ikkje kan be med hjartet. Be, og skal de til og med sigre over alt slit. Bøn vil bli dykkar glede og kvile. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dagane som kjem vil det koma folk frå alle nasjonar til soknet. Og no kallar eg dykk til å elske: Elsk fyrst av alt medlemme i dykkar eigne husstandar, og vil de bli i stand til å akseptere og elske alle som kjem. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg takkar dykk for kvart offer de har påteke dykk. Og no bønnfell eg dykk om å gje alle offer med kjærleik. Eg vil at de, dei hjelpelause, skal ta til å hjelpe med tillit, vil Gud halde fram med å gje dykk i tillit. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ber eg dykk om å plassere fleire velsigna objekt i heimane dykkar og at alle har noko velsigna på seg. Velsign alle ting og vil Satan gå mindre til åtak på dykk, fordi de vil ha våpen mot han. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å leie dykk, men de vil ikkje høyre på bodskapane mine. I dag kallar eg dykk til å lytte til bodskapane mine, og vil de bli i stand til å etterleva alt det Gud ber meg overføre til dykk. Opne dykk sjølve for Gud vil Gud arbeide gjennom dykk og halde fram med å gje dykk alt de treng. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at de må takke Gud for all nåde som Gud har gjeve dykk. Takk og lovpris Herren for alle fruktene! Kjære barn, lær å takke for små ting og vil de også bli i stand til å takke for dei store tinga. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg vil fortelja dykk at denne tida er særskilt for dykk frå soknet. Når det er sumar, seier de at de er veldig opptekne. No når de ikkje har arbeid på jordene, arbeid med dykk sjølve! Kom til messe, fordi dette er sesongen som er gjeven til dykk. Kjære barn, mange kjem regelmessig uansett vêr, fordi dei elskar meg og ynskjer å syne kjærleiken sin på ein spesiell måte. Eg ber dykk om å syne meg kjærleiken dykkar ved å koma til messe, vil Herren løne dykk rikeleg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å bestemme dykk for å tene Gud fullstendig. Eg bønfell dykk, kjære barn, om å overgje dykk fullt og heilt til Gud, og skal de bli i stand til å etterleva alt eg fortel dykk. Det vil ikkje bli vanskeleg for dykk å overgje dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Dette soknet, som eg har valt, er spesielt og annleis enn andre. Og eg gjev stor nåde til alle som ber med hjartet. Kjære barn, eg gjev bodskapane fyrst og fremst til innbyggjarane i soknet, og til alle andre. Fyrst av alt må de akseptere bodskapane, og dei andre. De skal stå til ansvar overfor meg og Sonen min, Jesus. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å opne dykk meir for Gud, vil Gud arbeide gjennom dykk. Til meir de opnar dykk, til større frukter vil de motta. Eg ynskjer på nytt å kalle dykk til bøn. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1 2 3 4 5 Next>>

 


Wap Home | Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN]

Powered by www.medjugorje.ws