Language 

Medjugorje Budskapene by month oktober

"Kjære barn! I dag ynskjer eg på nytt å syne kor mykje eg elskar dykk, men eg er lei meg at eg ikkje kan hjelpe alle med å forstå min kjærleik. Difor, kjære barn, kallar eg dykk til bøn og fullstendig overgjeving til Gud, fordi Satan vil skilje dykk i det daglege, og han ynskjer å ta fyrsteplassen i liva dykkar. Kjære barn, be difor utan opphald! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De veit at eg ynskjer å leie dykk på den heilage vegen, men eg vil ikkje tvinge dykk til å bli helgnar. Eg ynskjer at kvar og ein av dykk med små avkall hjelper dykk sjølve og meg, slik at eg frå dag til dag kan leie dykk til å bli meir heilage. Difor, kjære barn, ynskjer eg ikkje å tvinge dykk til å etterleva bodskapane, men at eg er med dykk så lenge er eit teikn på at eg elskar dykk umåteleg, og at eg ynskjer at kvar og ein skal bli heilag.Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn. De, kjære barn, er ikkje i stand til å forstå kor stor verdien av bøn er, så lenge de sjølve ikkje seier; no er det tid for å be, no er ikkje noko anna viktig for meg, no er ikkje nokon annan enn Gud viktig for meg. Kjære barn, vie dykk med kjærleik til bøn, slik at Gud blir i stand til å gje dykk nåde. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida så mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Frå dag til dag ynskjer eg å kle dykk med det heilage, det gode, det lydige og med Guds kjærleik, slik at de for kvar dag kan bli vakrare og meir klargjorde for Herren. Kjære barn, høyr etter og lev bodskapane mine. Eg ynskjer å leie dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Alt har si eiga tid. I dag kallar eg dykk til å starte arbeidet med dykkar eigne hjarto. No når alt arbeidet på jordene er over finn de tid til å vaske til og med dei mest forsømte stadane, men hjarto dykkar let de vera. Arbeid meir og reingjer med kjærleik alle delane av hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til å etterleva bodskapane i soknet. Eg ynskjer særskilt å kalle på ungdomen i soknet, som er kjære for meg. Kjære barn, om de lever etter bodskapane, lever de som heilage frø. Som Mor dykkar ynskjer eg å kalle dykk alle til det heilage slik at de kan gje det til andre. De er ein spegel mot andre! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at de må takke Gud for all nåde som Gud har gjeve dykk. Takk og lovpris Herren for alle fruktene! Kjære barn, lær å takke for små ting og så vil de også bli i stand til å takke for dei store tinga. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De skal berre be og Gud vil gje dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å lesa i Bibelen kvar dag i heimane dykkar. Lat den vera på ein synleg stad slik at denalltid oppmuntrar dykk til å lesa og å be. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 


Wap Home | Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN]

Powered by www.medjugorje.ws