Language 

Weekly Medjugorje Messages

"Kjære barn! De har alle opplevt lys og mørke i liva dykkar. Gud gjev alle evna til å skilja rett frå gale. Eg kallar dykk til lyset som de burde ta med til alle folk som er i mørkret. Folk som er i mørkret kjem dagleg inn i heimane dykkar. Kjære barn, gje dei lyset! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å halde fram med å gje bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært for meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når den Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"I dag ynskjer eg å kalle dykk alle til skriftemål, sjølv om de har skrifta for nokre få dagar sidan. Eg ynskjer at de alle får oppleva festdagen min inni dykk. Men de kan ikkje oppleva det utan at de overgjev dykk fullstendig til Gud. Difor inviterer eg dykk alle til forsoning med Gud. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke den største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk for at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær for hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn for bøn i familiane sine. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg takkar dykk for at de har teke til å tenkje meir på Guds herlegdom i hjarto dykkar. I dag er dagen då eg ville slutte å gje bodskapane fordi nokre ikkje aksepterte meg. Soknet har vorte endra og eg ynskjer å halde fram med å gje dykk bodskapar på ein slik måte som det aldri har vorte gjort i historia - frå starten av verda. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"De soknebarn har ein stor og tung kross, men vær ikkje redde for å bera han. Sonen min er med dykk og Han vil hjelpe dykk. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å seia til alle i soknet at de må be på ein særskild måte om visdom frå Den Heilage Ande. Frå i dag vil Gud prøve soknet på ein spesiell måte slik at Han kan styrkje det i trua. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag takkar eg dykk for kvar og ein som har opna hjarto sine. Glede innhentar meg for kvart hjarte som blir opna for Gud, særskilt frå soknet. Fryd dykk med meg! Be alle bønene for opning av syndefulle hjarte. Eg ynskjer det. Gud ynskjer det gjennom meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg be dykk om å ta til å arbeide i hjarto dykkar, på same måten som de arbeider ute på jordene. Arbeid og endre hjarto dykkar slik at ein ny ande frå Gud kan få sin plass i hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å be med hjartet, og ikkje berre av vane. Nokre kjem, men ynskjer ikkje å koma framover i bøn. Difor vil eg åtvare dykk som ei mor: Be om at bøn alltid fyller hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 16 Next>>

 


Wap Home | Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN]

Powered by www.medjugorje.ws